Frå nytilsett til ein med 20 års erfaring. I Walcon kan ein bygge ei karriere som varer. Frå venstre: Lasse Løkkebø og Daniel Budasz.
Walcon – frå skipsinstallasjonar til allsidig industripartner
Walcon har utvikla seg frå ei verksemd med hovudfokus på røyrinstallasjonar på skip, til å bli ein solid aktør innan røyr, stål og mekanisk arbeid – både på skip og i landbasert industri, i tillegg til fiskeriindustrien. Selskapet arbeider også med brannløysingar i bygg. Med erfarne tilsette og eit mål om å levere arbeid av høg kvalitet, har Walcon hatt ei jamn og stabil utvikling. Samtidig har dei bygd eit godt arbeidsmiljø der folk trivast og blir verande, noko som styrkjer både kompetansen og relasjonane over tid.
Historia til Walcon går tilbake til 2001 under namnet West Industri Skipsservice, med hovudfokus på røyrinstallasjonar for skip. Etter kvart som verksemda har vekse, har dei gradvis utvida tenestetilbodet sitt med større prosjekt innan røyrinstallasjonar, stål og mekaniske installasjonar. I 2017 samla selskapet alle satsingsområda under ein paraply med namnet Walcon. Sidan den gang har både arbeid og omsetnad vakse stabilt.
Walcon tek på seg både små og store prosjekt, og målet er alltid å levere til rett tid, rett pris og med rett kvalitet. Lang erfaring, godt renommé og solid bakgrunn gjer til at mange bedrifter vender tilbake – dei veit at Walcon alltid leverer arbeid på ein profesjonell og skikkeleg måte, seier dagleg leiar Bjørn Tore Løkkebø.
Fast jobb til alle
På starten av 2000-talet vart det store endringar i arbeidsmarknaden. Mangel på arbeidskraft førte til at dei måtte tenkje nytt om bemanninga. Etterspurnaden etter kvalifisert arbeidskraft auka og konkurransen blei hardare. Det vart tydeleg at langsiktige løysingar var avgjerande for å oppretthalde kvaliteten og effektiviteten i drifta. I ein tid der midlertidige kontraktar var vanleg praksis i mange bransjar, valde leiinga å tilby faste kontraktar til sine tilsette. Dette gav både tryggleik for arbeidstakarane og stabilitet for verksemda, og har vist seg å vere ein vellykka strategi.
Over 20 år i bedrifta
I 2005 reiste leiinga til Polen for å intervjue kandidatar. 15 personar vart fast tilsett og tre av desse arbeider framleis i bedrifta. Ein av dei er Daniel Budasz. For Daniel er Walcon ein arbeidsplass han ser for seg å bli verande hos. Leiinga har alltid vore opne for forslag og vi har fått gjensidig respekt. Her har det vore stabilitet og tryggleik i jobben heile vegen, fortel Daniel. No er han på oppdrag hos Steinvik Fiskefarm i Svelgen, og trivast godt. Eg styrer stort sett meg sjølv og tek på meg alle typar oppgåver, enten det er reparasjonar, montering av nye filter, vedlikehald eller PE-sveising. Det er kjekt å ha varierte arbeidsdagar, smilar Daniel.
Nytilsett i administrasjonen
I dag har dei over 200 tilsette og i fjor utvida dei staben med Lasse Løkkebø i administrasjonen. Eg er utdanna prosjektingeniør i byggfag og tek med meg denne kunnskapen inn i ein ny bransje. Det har vore ei bratt læringskurve og det er mykje nytt å setje seg inn i. Walcon er ei spennande bedrift som gjer mykje forskjellig, fortel Lasse. For både tilsette og kundar handlar det om det same: å få jobben gjort på ein profesjonell og påliteleg måte – kvar gong.



