Unge må få sjå kva Florø har å by på
Florø har flust av spennande arbeidsplassar. Utfordringa framover blir å få fleire unge til å sjå moglegheitene i havbyen.
Florø har eit næringsliv med imponerande breidde og mange spennande jobb-moglegheiter. Her finn ein alt frå det leiande skipsverftet Westcon til Fjord Base – Noregs største forsyningsbase – og innovative sjømatbedrifter i heile verdikjeda for havbruk. Samstundes er det svært mange verksemder som ikkje klarer å få tak i nok tilsette med rett kompetanse.
Ifølgje NHOs kompetansebarometer slit 72 prosent av bedriftene i Kinn med å få tak i nok tilsette med rett utdanning. I heile Vestland er talet 63 prosent. Tendensen er tydeleg; verksemder i mindre sentrale kommunar slit oftare med å få tak i rett kompetanse enn andre.
Dette viser at det er naudsynt at bedriftene tenkjer langsiktig om rekruttering. Mange bedrifter i Florø treng folk med yrkesfagleg utdanning frå vidaregåande og fagskuleutdanning. Mange av jobbane er knytt til industrien, verfta, hamna, sjømatnæringa eller i dei maritime tenestene. Så kva bør ein gjere for å få tak i nok tilsette med riktig kompetanse?
Ved å la ungdommar møte bedriftene tidleg, gjennom praksis, sommarjobb og lærlingplassar, kan ein synleggjere kva moglegheiter som finst i regionen.
Sommarjobb i vest er eit samarbeid mellom NHO Vestland, Vestland fylkeskommune, Nav og LO, der ein jobbar for å auke talet på sommerjobbar for unge. Kampanjen bidrog til 1070 fleire sommarjobbar i Vestland i 2025, samanlikna med året før.
Bakgrunnen for satsinga er nettopp at mange bedrifter slit med å få tak i nok folk med rett kompetanse. I åra framover vil det bli enda større kamp om arbeidskrafta, mellom anna fordi befolkninga blir eldre, og det blir færre i arbeidsfør alder.
Både bedrifter og kommunar er nøydde til å tenkje nytt om rekruttering, og det å tilby unge sommarjobb kan vere eit viktig steg. Ved å tilsetje unge sommarvikarar får bedriftene vist fram moglegheitene dei kan tilby, samtidig som dei kan byggje relasjonar til framtidige lærlingar og tilsette.
Heldigvis finst det òg andre gode døme på prosjekt som viser fram moglegheitene i arbeidsmarknaden. NHO Sjøfart sitt prosjekt «Kvinner på sjøen» er ein møteplass som viser fram karriere- og utviklingsmoglegheitene i den maritime næringa. Her koblar ein fagleg innhald med nettverk og eit mentorprogram, der unge deltakarar blir kobla saman med erfarne kvinner i næringa.
Kanskje kan fleire næringar i Florø la seg inspirere til liknande målretta grep for å gjere ei næring attraktiv for fleire? For det er inga tvil om at Florø har mange framtidsretta jobbar i ulike bransjar, til dømes innan industri, sjøfart, sjømat eller reiseliv. Ein må berre klare å vise dei fram!
Sondre Olsen, fungerande regiondirektør NHO Vestland



