Med havet som drivkraft for næringsutvikling

Flora Industri- og Næringsforening (FIN) er den største næringsorganisasjonen for industrien i Florø. Her er det nesten 80 medlemsbedrifter, med mellom anna verft, bygge- og havbruksnæringa, utdanning og arkitektar. Linn Theres Nekkøy er dagleg leiar i Aksello og nestleiar i FIN. Med lang erfaring frå sjømatnæringa og ein matnyttig Executive MBA med spesialisering i sjømatledelse frå NHH ønskjer ho å løfte fram gode samarbeid og initiativ. Eg ønskjer å arbeide for at Kinn blir løfta fram som ein leiande region langs kysten når det kjem til innovasjon og verdiskaping, fortel Linn Theres.

Ei utlysing på ein Executive MBA i Seafood Management frå NHH fanga merksemda til Linn Theres. Det som lokka ho til å søke var at studiet var næringsspesifikt og mogleg å ta ved sidan av arbeid. Deltakarane fekk eit studium tett på bransjen, med kunnskap og problemstillingar som er relevante for næringa.

I etterkant ser Linn Theres stor verdi i masteren. Eg brukar det eg har lært gjennom EMBA-programmet kvar einaste dag i jobben eg gjer for FIN og Aksello. Vi gjekk praktisk inn i både verdsetting av selskap, skalering av bedrifter og å sette ein tydeleg strategi for å lukkast med skalering og innovasjon. Dei bedriftene som kjem til oss, enten som nyoppstarta eller etablerte, får god rettleiing og tilgang til næringslivsnettverk.

I studieprogrammet var det sett opp turar til utlandet og bedriftsbesøk til ulike sjømatselskap. Tidlegare turar har gått til mellom anna Singapore og Montreal. Det er jo spennande, men kvifor skal ein reise på studietur til utlandet når det er ei yrande sjømatnæring tre timar nord for Bergen, tenkte Linn Theres. Ho pitcha idéen om at studiet heller burde ta turen til Florø og oppleve ei fullverdig verdikjede innan 5 minutt radius. Slik blei det. NHH Executive valde i 2025 å legge studieturen til Florø for å besøke næringslivet og delta på HAAV Sjømatkonferansen.

Vi må bli flinkare til å løfte fram næringslivet

Florø er ei skjult næringslivs-perle. Her finn du leiande aktørar i eit breitt spekter som konkurrerer på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Byen har bygd opp eit robust og variert næringsliv der kompetanse, innovasjon og lang erfaring går hand i hand. Det er eit næringsliv vi bør vere stolt av og ikkje minst snakke høgt om. For å sikre vekst og rekruttering i åra som kjem, må vi vere flinkare til å løfte fram det vi faktisk har. Omverda må få vite kva Florø står for. Dette er ei viktig oppgåve for både FIN og Aksello, understrekar Linn Theres engasjert.

I juni blir sjømatkonferansen HAAV arrangert for andre gong. Her samlar Aksello og Laksens Dag bransjen til ein konferanse for nye perspektiv og moglegheiter i ei næring som er avgjerande for kysten. Konferansen er planlagt opp mot Himmel og Hav-festivalen, som løftar fram sjømatnæringa og aktørane som ligg i Florø. Byen vi bur i er tufta på sjømat og då er det naturleg at vi også skal ha ein sjømatkonferanse her, konstaterer ho.

Talerøyr for havnæringa

Med djup interesse og lang erfaring frå havnæringa har Linn Theres innsikt i regulering og bransjen sine utfordringar og ønskjer å løfte problemstillingane. Grunnrenteskatten, normprisutvalet og forslaget om avgift på dødfisk er gode døme på ordningar som kan sette kjeppar i hjula for oppdrettsselskapa som er plassert langs den norske kysten. Dette rammar spesielt dei små, familieeigde oppdrettselskapa som held liv i bygdene med både arbeidsplassar og støtte til lokalsamfunnet, seier ho. FIN ønsker å vere eit talerøyr for næringane og har allereie hatt møte med Skatteutvalet for å diskutere mellom anna dette.

Når det kom nye krav til berekraftsrapportering i henhold til CSRD-standard for sjømatnæringa, såg næringa at dette ville bli omfattande. For å bistå utvikla Aksello eit praktisk kurs for å gjere rapporteringa overkommeleg. Ein pilot på kurset er fullført med gode skussmål så det er berre å ta kontakt for dei som har behov.

Døra er alltid open

For FIN og Aksello er det viktig at næringslivet i Florø har gode vilkår for vekst og utvikling. Saman jobbar dei for å sikre gode og stabile rammevilkår for næringa. Vi vil at bedrifter skal kome til oss og at vi kan gjere ein forskjell – anten det handlar om å utvikle nye idéar, finne samarbeidspartnarar eller ta neste steg i veksten. Døra hos oss er alltid open, seier Linn Theres.

Ho håpar endå fleire vil sjå moglegheitene som ligg i regionen. Her er det ein sterk industri, korte avstandar mellom aktørane og med ein vilje til samarbeid ligg alt til rette for vidare vekst. Florø har alle føresetnader for å vere ein leiande region langs kysten. No handlar det om å bruke styrken vi har saman, avsluttar ho.