Eit samarbeid mellom tre aktørar i forskjellige næringar gir miljøvennleg frakt av varer mellom viktige knutepunkt i Florø. Frå venstre: logistikkansvarleg Tomas Andersen i Cargill, dagleg leiar Tor Førde i K. Jansen og salsansvarleg Jonny Sæterbø i Norwell.
Elektrisk frakt for framtida
– med tre Florø-aktørar i førarsetet
Cargill treng transport av råvarer og ferdig produkt medan Norwell må få fisken ut i verda. Med auka krav til berekraft og eit ønske om samarbeid på tvers av næringar, har dei tre aktørane K. Jansen, Cargill og Norwell funne synergiar for frakt av containerar i byen med ein elektrisk lastebil.
Cargill og K. Jansen har allereie samarbeida i over 20 år. For å oppnå ein meir berekraftig fôrproduksjon har Cargill tatt i bruk restråstoff og endra råvaresamansettinga i fôret. Nokre av råvarene kjem derfor til containerterminalen på Botnastranda sjøvegen før det må vidare til Gunnhildvågen med lastebil. Når frakta no gjerast med elektrisk lastebil gagnar det alle, fortel Tomas Andersen i Cargill.
Ein «no brainer» for Norwell
Norwell eksporterer laks og ørret frå norske oppdrettarar til den internasjonale marknaden. Ein del av fisken vert sløyd og pakka på Slakteriet i Florø. Når fisken er ferdig pakka og fryst skal den til Botnastranda og ut i verda. Då K. Jansen fortalde om kjøpet av elektrisk lastebil, var det ein «no brainer» for oss å inngå eit samarbeid, seier Jonny Sæterbø i Norwell. Og med det var det gjort. No har den elektriske lastebilen fulle dagar med frakt av varer på Florølandet for både Cargill og Norwell.
Skreddarsydd for containertrafikk
Vi valde Volvo FM Electric fordi det er ein fleksibel og smidig lastebil med nullutslepp og lågt støynivå. Med god rekkevidde, høg trekkraft og effektiv handtering av tunge lass, er lastebilen skreddarsydd til containertrafikk, forklarar dagleg leiar Tor Førde i K. Jansen.
Lastebilen blei levert i januar og vert brukt til lokaltransport i Florø. Når bilen er fullasta med varer veg den nærmare 50 tonn og den høge trekkrafta gjer han godt egna til køyring med mykje start og stopp. Med det er K. Jansen i front på å teste ut ny og berekraftig teknologi som einaste aktør med utsleppsfri containertransport i regionen.
Det er viktig med kontroll på logistikken når aktørar med høg aktivitet skal få ut varene sine til rett tid. Heldigvis er dette spesialiteten til K. Jansen. I tillegg til den daglege dialogen møtes dei to gonger i veka for å planlegge vareflyten. Norwell og Cargill leiger containerar og varene må ut og fram i tide for å sleppe overliggepenger. Det er eit tilleggsgebyr som kjem når ein container blir liggande på terminal lenger enn avtalt.
Stille frakt i byen
Neste gong du ser ein K. Jansen-lastebil i byen, så er den kanskje elektrisk. Du vil kanskje ikkje høyre den så godt, for motoren er svært stillegåande. No på vinterstid er det berre støy frå dekka du høyrer, humrar Tor.
Satsinga viser korleis synergiar på tvers av næringar kan gi konkrete resultat. Med lågare utslepp og ein effektiv logistikk, ligg alt til rette for at dette berre er starten på miljøvennleg varetransport i regionen.





