Hos Solheim Diesel og MEKK får du alt du treng til båtsesongen og vedlikehald av hus og hytte. Kurt Hellesen, Jan Gunnar Holvik og Arne Henrik Bjørkaas er alltid klare for å hjelpe deg.
Båtservice for havbruksnæringa og folk flest
I meir enn fire tiår, har Solheim Diesel vore ein solid og påliteleg leverandør av produkt og verkstadtenester for båteigarar og den maritime næringa rundt Florø. I tillegg til service på båtar og motorar, har Solheim Diesel eit imponerande utval av maritime produkt i butikken på 1300m2, sentralt på Fugleskjærskaia.
Bedrifta starta opp i 1982, som ein båt- og motorverkstad. Sjølv om dei har utvida produkttilbodet sidan den gong, er verkstaden framleis ein sentral del av Solheim Diesel. Vi er autorisert marinemotorverkstad gjennom båtbransjeforbundet Norboat, fortel dagleg leiar Frode Standal. Det gjev ein garanti til kundane våre om at arbeidet blir utført i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter, og ikkje minst god forretningsskikk.
Verkstaden ligg godt til for både havbruksnæringa og gjestebåthamna, og vi har eit godt utgangspunkt for å rykke raskt ut og levere servicetenester til kundar når behovet oppstår.
Ein institusjon for båtfolket
Vi har kundar frå heile fylket, og i sesongen kan dei omtrent komme frå kvar som helst. Juli er den travlaste månaden vår, og då har vi mange båtturistar innom butikken og verkstaden, opplyser butikksjef Kurt Hellesen.
I løpet av året har vi fleire kundar som kjem køyrande med båten sin på hengar frå Sogn. Det har til og med hendt at vi har fått besøk av kundar som har køyrt båten sin sjøvegen frå Lærdal for å få utført service, humrar verkstadsjef Jan Gunnar Holvik. Vi har også mange kundar som vel å gjere service sjølv, og dei finn gjerne vegen inn i nettbutikken, der dei finn det dei treng.
Utviding av tilbodet
På tampen av 2024 bygde dei om lokala, slik at dei fekk 400 nye kvadratmeter til å huse jernvarebutikken MEKK. Dette har resultert i eit imponerande utval av verktøy og det aller meste ein måtte ha behov for i heimen, båten eller på hytta.
Vi er faktisk den einaste MEKK-butikken i heile Sogn og Fjordane, og sidan vi ligg rett ved Fugleskjærskaia, kjem det ofte innom dagpendlarar som tar med seg verktøy eller kjøkkenutstyr på heimvegen, avsluttar leiar for MEKK, Arne Henrik Bjørkaas.


