Byggjer eit unikt laksemiljø i Florø

Bravo Seafood har skapt eit unikt kompetansemiljø på sal av laks. Frå Florø syt dei for at førsteklasses laks frå Norge kjem fram til kundar over heile verda. Tre nye ressursar med kunnskap frå næringa er på plass, samtidig som ein har klatra internt og teke rolla som innkjøpsleiar. Det er veldig kjekt når erfarne kjem og vil jobbe hos oss, fortel dagleg leiar Karl Petter Myklebust.

Markus Hansen Solvåg

Innkjøpsleiar

Markus flytta heim til Florø i 2022 og starta i Bravo på logistikk. Innkjøpssjefen hadde behov for avlasting og han fekk ansvar for dialogen med eit par oppdrettarar. Han tok ansvaret på strak arm og fekk stadig større tillit og henta inn nye oppdrettarar i kundeporteføljen. Då Bravo trengte ny innkjøpssjef var valet enkelt. No har Markus ansvar for dialogen med oppdrettarar frå nord til sør. Fredag er den store handelsdagen. Då avtalar vi kjøpspris med oppdrettarane for sal i neste veke. Vi kjøper laksen og sel han vidare til kundar over heile verda. Då syt vi for at logistikk, kvalitetskontroll og distribusjon er på plass heile vegen. Jobben er ikkje ferdig før fisken er framme, fortel han.

Arne Stalheim

Teamleiar VAP

Arne har vore i sjømatnæringa sidan 1998, med sals- og marknadserfaring frå fleire andre selskap. Etter mange år i bransjen ønskte han nye utfordringar, og tok ein prat med Bravo. Dei er ein kjekk gjeng med genuin interesse for laksesal, fortel Arne. No skal han leie Bravo sitt nye satsingsområde; sal av bearbeida laks (VAP). Med ein større produktbredde og auka etterspurnad etter bearbeida produkt er vi glade for kompetansen Arne bringer til laget.

Søren Martens

Salg Europa

I 2006 etablerte Søren Fish Pool: ein marknadsplass der aktørar kan handle terminkontrakter på laks. Som dagleg leiar i bedrifta bygde han seg eit solid kontaktnett av oppdrettarar og handlarar i Europa. Etter 18 år var han klar for noko nytt. Eg har kjent gründarane i Bravo lenge og det er ein veldig fin gjeng. Det var det som trakk meg hit, fortel han. I Bravo skal Søren jobbe med sal til Europa og med flytande tysk, fransk, spansk og italiensk kombinert med eit breitt kontaktnett er han godt rusta for oppgåva.

Helena Brayn Bøthun

Salg Bravo Air Team

Reisa inn i sjømatnæringa starta litt tilfeldig for Helena, då ho fekk jobb som sals-trainee i eit anna salsselskap. Det gav meirsmak. Sidan har ho opparbeidd seg solid erfaring med handel, sal og logistikk av laks til midtøsten og Hongkong. Eit tips frå ein samarbeidspartnar førte ho vidare til Bravo Seafood og møtet med teamet traff blink. Dei var både hyggelege og utruleg kunnskapsrike. Jo meir vi prata, jo meir kjente eg at eg ville bli ein del av dette laget. Her får ho vere tett på heile prosessen, utfordre seg sjølv og jobbe i lag med ein kompetent gjeng, noko ho synest er ekstra spennande.