Historier som fortener å bli fortald

Vi i A til Å brenn for å fortelje dei gode historiene og det er nettopp det HAVmagasinet handlar om. Her ute i havgapet skjer det mykje. Vi har innovative bedrifter på nasjonalt og internasjonalt nivå, marknadsleiande aktørar og nye bedrifter som ser dagens lys. Når vi er ute og snakkar med næringslivet blir vi stadig overraska over kor høgt nivå dei presterar på. HAVmagasinet er vår måte å løfte dette fram på, fordi vi trur at det er viktig at vi framsnakkar kvarandre og at fleire høyrer om det spennande som skjer i kystbyen.

I denne utgåva møter du tilflyttarar som har funne sin karriereveg og heim i Florø, du får vite korleis samarbeid på tvers av næringar kan skape berekraftige synergiar og høyre om bedrifter som er pionerar i sin bransje. Når du no les gjennom magasinet håpar vi at det gjev deg både kunnskap, inspirasjon og kanskje ein kry følelse over alt det vi får til her ute i havgapet.

God lesnad!

Lotta Lindén-Nybø og Maria Benæs Hunvik