Frå kontora i Florø og Eikefjord servar dei sju tilsette i Kinn Elektro både private og næringslivet langs kysten. Frå venstre: Eirik Madsen, Niklas Tonheim, Robert Pedersen, Trond Vegard Soltvedt, Karl-André Eikenes, Jøran Alexander Grytten og Kenneth Fotland.
Kinn Elektro prioriterer lærlingar og praksiselevar
Då Kinn Elektro vart etablert for tre år sidan, sette dei seg eit mål. Bedrifta skulle vere blant dei beste på å styrke opplevinga og læringsutbyttet til ungdommane som kjem til dei for å lære seg korleis det er å jobbe som elektrikar.
Sidan oppstarten har dagleg leiar Kenneth Fotland og fagleg leiar Eirik Madsen vore tydelege på at Kinn Elektro skal vere ein solid og lærerik arbeidsplass for alle elevane som får praksis eller har læretida si hos dei. Dette er eit viktig samfunnsoppdrag for oss, i tillegg til ein strategi for kontrollert vekst. Målet vårt er å følgje opp lærlingane med så stødig hand, at dei vel oss som arbeidsgjevar når dei har tatt fagbrev og skal velje vegen vidare, fortel Kenneth. Dei fire faste tilsette har med seg tre lærlingar og i fjor hadde dei i tillegg med seg to praksiselevar.
Læretida skal vere trygg og god
For oss er det særleg viktig at dei lærlingane som har læretida si hos oss, hugsar denne tida som både inkluderande og lærerik. Tydeleg kommunikasjon frå dei tilsette, systematisk oppfølging og godt samarbeid med elevane er ein avgjerande for at dei skal få oppleve meistring i tida dei er hos oss, utdjupar den daglege leiaren.
Godkjend av opplæringskontoret
Då det vart førespurnad om å ta inn ein tredje lærling i fjor, kjende Kenneth og Eirik at dei måtte kvalitetssikre prosessen. Vi ønskte ikkje å ta inn ein lærling utan å vere sikre på at vi kunne gi god nok oppfølging. Difor tok vi kontakt med lærlingkonsulent Lisa Marie Mo hos Fagopplæring Elektro Sogn og Fjordane, for å forsikre oss om at vi kunne få til eit godt opplegg for lærlingen. Lisa Marie forsikra oss om at dette kom til å gå helt fint, med bakgrunn i korleis vi har følgt opp lærlingane som har vore hos oss tidlegare. Dermed kunne vi trygt opne døra for enda ein lærling, seier Eirik.
Trond Vegard Soltvedt vart ein del av Kinn Elektro i august 2025 og har hatt ein veldig god start på lærlingtida si. Då eg starta som lærling hos Kinn Elektro vart eg overraska over kor mykje kollegaene kunne og kor flinke dei var. Det ga meg motivasjon til å bli like flink. Eg har allereie lært mykje og det at kollegaene mine gir meg sjansen til å tenke og finne løysingar på eiga hand syns eg er heilt supert, fortel lærlingen.
Han trekk òg fram det sosiale i Kinn Elektro. Kollegaene mine er ein sosial og hyggeleg gjeng. Kvar dag samlast vi i lunsjen for å slå av ein prat og ta ein fot i bakken på prosjekta vi er med på. Her har eg vore med på forskjellige prosjekt, både i privatmarknaden og industri. Det er stor forskjell mellom å montere lamper i ein privatbustad til å skru på store maskiner i industrier, og det er nettopp det som gjer det så kjekt, utdjupar han.
Med eit sterkt fokus på oppfølging, meistring og trivsel legg Kinn Elektro grunnlaget for både dyktige fagfolk og gode kollegaer i åra som kjem. For dei handlar det ikkje berre om å lære bort eit fag, men om å utvikle menneske og sikre framtidig arbeidskraft til bransjen.



