På Mowi sitt anlegg i Frøysjøen driv dei med nybrottsarbeid. No skal fisken ned i djupet for å unngå lusa. Bjørnar Aga Larsen innfelt til høgre. Dronebilde: Mowi / Sarah Loechel.

Subsealaks i Frøysjøen

Eg har jobba i denne bransjen i snart 20 år, og då er det kjekt å få vere med på å teste ut noko heilt nytt, fortel driftsleiar på Mowi Fureneset Bjørnar Aga Larsen. Vi har trua på at satsinga på djupvassoppdrett vil gi nye moglegheiter – ikkje minst i oppvekstmiljøet for fisken. På Mowi sitt anlegg Fureneset i Frøysjøen driv dei nybrottsarbeid for å bli kvitt plagene med lus og algar.

Vi gjer på mange måtar det same som oljebransjen, og satsar på subseadrift. Det betyr at produksjonen skjer nede i djupet. På eit tradisjonelt oppdrettsanlegg ser vi fisken med det blotte auget og jobbar frå merdkanten. No ser vi ikkje lenger fisken, fordi merdane er senka ned. Vi har likevel full kontroll på fisken, presiserer Bjørnar.

Djupvasslaks med luftkuppel

Øvste kanten av produksjonsmerdane ligg 25 meter under havoverflata, medan botnen av notposen ligg 60 meter under overflata. Det er naturleg nok eit tak av not, slik at fisken ikkje kan komme seg oppover. I tillegg er det montert ein aluminiumskuppel på toppen av den nedsenka merden, som vi fyller med luft, slik at fisken kan svømme opp i og snappe luft.

Kvifor gå i djupet

Vi har alle høyrt om utfordringane med lakselus og stadig pågang av algar, og at dyrehelsa blir påverka av svingande sjøtemperaturar. Her ligg svaret på kvifor Mowi prøver ut nye og innovative metodar for å eliminere problema. Temperaturen er meir stabil på djupare vatn og lusa og algane likar seg høgare oppe nærare overflata. Bjørnar legg vekt på at dei er i startfasen, og at dei har mykje å lære, men så langt ser det positivt ut. Fisken veks godt i dei seks merdane som er sett i drift, og vi har enno ikkje iverksett avlusing etter utsett av smolt 4. desember i fjor.

Jobbar annleis

Arbeidskvardagen vår er totalt endra, smiler Bjørnar og fortel at dei følgjer med på fôring, tilvekst, sår, svømmefart og ikkje minst lus, via to fôringskamera og ein Bioskop. Vi får meir og meir info via kameraet Bioskop Optoscale, som er eit fantastisk system. I tillegg køyrer vi ROV kamera ned i merdane ca. ein gong per veke. Driftsleiaren fortel at dei brukar meir dykkarar no, til ettersyn og vedlikehald. For oss er det utruleg spennande å få jobbe med det første nedsenka Mowi-anlegget i region vest. Det er mykje «Learning by doing» i denne prosessen, og drivkrafta er at dette vil vere med på å forbetre framtidas oppdrett.

Fôring med vasspress

Den tradisjonelle måten å fôre laksen på er å pumpe ut pelletsfôret med luft i rør. Med nedsenka anlegg må vi pumpe ut fôret med vatn – og då snakkar vi om mykje vatn. På Fureneset hentar dei vatnet på 30 meters djupne for å unngå iblanding av lus og algar. Det går med opp mot 5000 liter vatn per minutt, og det krev naturleg nok mykje energi. Bjørnar presiserer at dei er miljøbevisste og driv med ein kombinasjon av generator og batteri.

Krevjande drift

Driftsleiaren på Fureneset set stor pris på at Mowi er villige til å satse på ei nyskapande driftsform. Det er investert store summar her i tillegg til ombygging til vassfôring. Det er ikkje alle lokalitetar som eignar seg for denne drifta. Både djupna og dei rette straumforholda må vere på plass. Vi har ein stor fordel som held til i en fjord med ei djupne på 300 meter. Målet er at dette nybrottsarbeidet skal gi ny kunnskap som forbetrar næringa.