havmagasinet.no
Eit magasin om næringane i havgapet.
Foto: Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Florø er bygd med blikket vendt mot havet. Det var her moglegheitene låg då byen vaks fram og det er her dei framleis ligg. Havet har gitt oss arbeid, mat og verdiskaping i generasjonar og er framleis fundamentet for industribyen i havgapet. Dei havbaserte næringane består av hardtarbeidande folk som kvar dag bidreg til verdiskaping, både lokalt og globalt.
Medlemsbedriftene i FIN famnar breitt. Frå store industriverksemder og marknadsleiande aktørar, til mindre leverandørar og tenestebedrifter som alle er ein del av det same nettverket. Anten du jobbar på basen, i ei elektrobedrift, med sjømat eller på eit av hotella, så har jobben din på eitt eller anna vis ei kopling til ressursane frå havet. Florø er ein unik industriby nettopp fordi vi har dette tette samspelet mellom små og store aktørar, der alle er avhengige av kvarandre for at heilskapen skal fungere.
Næringslivet i Florø står midt i eit grønt skifte som stiller nye krav til både kompetanse og utvikling. Berekraft, grøn energi og meir effektiv ressursbruk er ikkje lenger framtidsvisjonar, men ein del av kvardagen for mange av bedriftene våre. Fleire av medlemsbedriftene er pionerar innan grøn teknologi og innovative løysingar. Samtidig er tilgangen på kraft heilt avgjerande for vidare vekst og utvikling. Skal vi ta vare på og vidareutvikle industrien i havgapet, må vi sikre både krafttilgang og gode rammevilkår.
Arbeidskraft er ei anna felles utfordring. Industrien i Florø går godt, men mange bedrifter slit med å rekruttere nok folk med rett kompetanse. Derfor har FIN etablert ei arbeidsgruppe med dei offentlege utdanningsmiljøa i regionen for å sikre at relevant utdanning skjer der vi er. For at folk skal flytte hit, må det vere attraktive og trygge arbeidsplassar, ikkje berre for éin, men for heile familien. Vi må bli endå flinkare til å dele gode kandidatar med nabobedriftene og hjelpe kvarandre med å få folk til å flytte hit og bli verande i regionen.
Vi skal vere eit nettverk der samarbeid, industriutvikling og innovasjon står sentralt. Det er ei sterk kraft i å stå saman, i å gjere kvarandre gode og i å arbeide mot felles mål. For oss handlar kraft ikkje berre om elektrisitet, men også om menneske, relasjonar og vilje til å skape noko i lag. Med blikket retta mot havet og framtida, skal vi saman møte utfordringane og gripe moglegheitene som ligg i havgapet.

Walcon – frå skipsinstallasjonar til allsidig industripartner