Ocean Electronics leverer maritim elektronikk til kundar over heile verda. Her ser du ei skreddarsydd bruløysing til autolinefartøyet Austral Odyssey.
Eit lite stykke vestlandseventyr
Det starta som ei forretning i Florø for 100 år sidan og har no vekse til eit selskap med kontor langs vestlandskysten i Florø, Måløy og Bergen. Selskapet som leverer maritim elektronikk har kundar over heile verda og dei rundt 25 tilsette har bygd opp ein solid posisjon i den maritime marknaden.
Ocean Electronics leverer alt frå små serviceoppdrag til komplette installasjonar av bruløysingar. Navigasjon, kommunikasjon og fiskeleitingsutstyr er blant dei viktigaste områda. Kundane spenner frå yrkesfiskarar og arbeidsbåtar til passasjerfartøy, fraktebåtar, cruisebåtar og større skip i offshore- og tanksegmentet.
Bedrifta er uavhengig og ikkje eigd av teknologileverandørar. Ein klar styrke med dette er at dei kan setje saman system frå fleire leverandørar. Dermed kan dei skreddarsy ei best mogleg løysing til kundane med dei beste komponentane frå ulike merker.
Serviceoppdrag over heile verda
Med 14 serviceteknikarar, fleire lærlingar og eit breitt aldersspenn blant dei tilsette har Ocean Electronics eit kompetent team med lang erfaring. Det kjem godt med når komplekse system skal installerast eller når kundar treng rask hjelp. Nokre problem kan løysast via telefon eller e-post, medan andre oppdrag krev at teknikarar reiser ut til fartøyet – uansett kvar i verda det seglar.
Arbeidet førar teknikarane til oppdrag både nært og fjernt. Ocean Electronics har hatt serviceoppdrag i alt frå Island, Sør-Amerika, Middelhavet og Storbritannia til Kina, Canada, Mauritius, Australia og Baltikum. Rundt halvparten av oppdraga skjer internasjonalt, medan resten er i Noreg og Norden.
Rask service med varer på lager
For kundane er det avgjerande å få hjelp raskt når utstyret sviktar. Difor har selskapet både reservedelar og viktig utstyr på lager, mellom anna radar og gyrokompass, slik at dei kan levere på kort varsel. Samtidig har dei utvikla eit stort servicenettverk gjennom mange år i bransjen.
Ocean Electronics er også involvert i nybygg, der dei teiknar og planlegg komplette bruløysingar for nye fartøy. Her handlar mykje av arbeidet om å sy saman system og sørgje for at alle komponentar fungerer optimalt i lag og i henhold til forskrifter og klasseselskap.
Vi treng fleire flinke hender
Sjølv om selskapet har eit sterkt fagmiljø, er behovet for nye folk alltid til stades. Dei er stadig på jakt etter praktisk anlagde personar med interesse for båt, elektronikk og maritim teknologi.
– Vi ser etter folk som likar å løyse problem, lære nye ting og få jobben gjort. Det viktigaste er interessa for faget og viljen til å utvikle seg. Her er det også ein unik moglegheit til å reise rundt heile verda om ein ønsker seier dei.
Med verda som arbeidsplass, eit breitt spekter av tenester og eit sterkt fagmiljø i ryggen, held vestlandsbedrifta fram med å levere teknologi som held fartøy operative – uansett kvar i verda det måtte vere.


