På Slakteriet sløyer dei rundt 1 fisk i sekundet.

Kvalitet i alle ledd

I over 30 år har hjørnesteinsbedrifta Slakteriet sløgd fisk og sendt den ut i verda frå Florø. Med lokalt eigarskap, er konsernet bygd på solide verdiar og ein indre motivasjon om å skape trygge og gode arbeidsplassar. I løpet av ein vanleg arbeidsdag kan Slakteriet sløye opp til 50.000 fisk. Slikt blir det verdiskaping av.

– 50.000 fisk tilsvarar 56 fisk i minuttet, seier produksjonssjef Aslak Hustveit. På dei mest travle dagane kan vi sende 11 lastebilar med ferdigsløgd fisk i kassar. Når vi sender fisk frå oss kan den same fisken bli servert på ein tallerken i Singapore 2 dagar etterpå.

Strenge krav

– Vi pakkar og eksporterer fisk og då må fiskehelsa vere på plass. Dei 38 landa vi eksporterer til har eigne krav vi må følge i tillegg til norsk standard frå til dømes Mattilsynet. På skulen vil karakteren ”A” vere meir enn 98% rett, men når ein snakkar om matproduksjon er 2% eller 2 promille for stor feilmargin.

«Produced by SF-222»

Kassane som blir sendt frå Slakteriet i Florø er stempla med «Produced by SF-222» på sida. – Dette er vårt produksjonsnummer, og ute i verda blir det sett på som eit kvalitetsmerke. Det viser at jobben vi gjer, saman med gode oppdrettarar, er anerkjent i verda og det synest vi er skikkeleg stas.

Gi folk ein sjanse

– Slakteriet er ei stor bedrift med 163 tilsette, og 106 av desse er knytt til produksjonen i Florø. Den innsatsen dei tilsette legg ned og får til kvar einaste dag, er vi skikkeleg stolte over. Dei er vår viktigaste ressurs i bedrifta, og fortener applaus kvar einaste dag, seier HR- sjef Cicilie Færestrand. Vi kjenner på at vi har eit samfunnsansvar, og ønsker å gi folk ein sjanse. Her er alle velkommen – kva kompetanse du har er ikkje det viktigaste, så lenge du har gode haldningar og eit ønske om å bidra i botn. Vi skal gi deg den opplæringa du treng.

Eit springbrett

– Å jobbe i Slakteriet er eit springbrett med mange karrieremoglegheiter. Ein kan starte på golvet og jobbe seg oppover karrierestigen internt eller bruke oss som ein plass å starte. Vi heiar på alle.