I daglegvarebutikken kan du finne Skreikaker med ein fiskebåt frå Batalden.

Frå Batalden til verda

«M/S Fanøyvåg» frå Batalden utanfor Florø er kanskje den mest kjende fiskebåten i verda. Korleis gjekk det til?

– I 2017 var vi på fiske på Haltenbanken, og eit av Havforskningsinstituttet sine fartøy segla forbi oss og knipsa bildet. Bildet blei lagt ut som stock-bilde på nett, og deretter har det gått sin gang, seier skipper, reiar og dagleg leiar Geir Henning Seljeseth.

Eit av eksempla er Fiskemannen sine skreikaker som ein får kjøpt i den vanlege daglegvarebutikken. På pakningen er «M/S Fanøyvåg» avbilda. Men det stoppar ikkje der. I tillegg har fiskebåten blitt avbilda på framsida av Aftenposten og på nettsidene til Innovasjon Norge for å nemne nokre.

– Eg har mista teljinga på kor mange plassar biletet av Fanøyvåg er i bruk. Båten har blitt avbilda på BBC og nyleg blei eg fortalt av ein bekjent at han hadde sett båten avbilda på t-skjorter og kapsar i Australia.