Den smilande gjengen på HR har ei viktig rolle i å vere kulturberar og premissgjevar i selskapet. F.v. Malin Steinset, Camilla Nordal, Rebecca Liset, Øyvind Østrem og Heidi Felle.

Kombinerar innovasjon og skipsfart

Dei er eit verdsleiande ferjeselskap med røter som går 170 år tilbake i tid. På Fjord1 sitt kontor i Florø sit det menneske som kvar dag kombinerar innovasjon og skipsfart for å sikre kritisk infrastruktur på kysten.

I dei nyleg oppussa lokala til Fjord1 møter du folk i gangane på veg inn i eit møte. Ein liten gjeng sit i ei sofagruppe midt i ein ivrig diskusjon. Det er ei summing av gode samtalar. Her jobbar automasjonsingeniørar, IT-teknikarar og økonomar på tvers for å utvikle framtidas transportfartøy, seier HR-leiar Øyvind Østrem.

Menneska er kjerna i drifta vår

Utan dei tilsette hadde vi ikkje fått til den innovasjonen og nyskapinga som vi har oppnådd i dag. Vi har ei topp moderne fartøysflåte, der over halvparten er fornya og elektrifisert. Det siste nybrotsarbeidet er på autonome ferjer, som skal segle sambandet Lavik – Oppedal frå 2026. Til dette treng ein folk med variert bakgrunn.

Vil bryte med gamle tankar

HR-avdelinga har ei viktig rolle i å vere kulturberar og premissgjevar i selskapet. Dei rekrutterer til både sjø og land, gir støtte til leiarar, i tillegg til å jobbe med kompetanse og personaloppfølging. Ein del av jobben er å reise rundt på karrieremesser og fortelje om moglegheitene i Fjord1. Mange blir overraska over variasjonen.

– Tanken om at du må vere maskinist eller matros for å jobbe i eit ferjeselskap er fortsatt levande hos mange, men er langt frå sanninga. Vi har tilsette med bakgrunn frå fysioterapi, læraryrket og prosjektleiing, som dagleg utviklar selskapet.

Mange vegar til jobb i Fjord1

– Vi ønsker å gi dei kommande generasjonane god kunnskap og forutsetningar i arbeidslivet. Årleg får lærlingar, kadettar og traineear tilbod om kontrakt hos oss, med moglegheit for fast jobb etterpå. Ikkje alle har eit tradisjonelt skuleløp og i samarbeid med NAV legg vi til rette for dei som ønsker å jobbe. Om du vil vere ein del av eit verdsleiande selskap som driv med innovasjon er dette plassen for deg.

Visste du at Fjord1…

  • … har rekordmange lærlingar? Dei har over 90 lærlingar i året!
  • … har 16,2 millionar reisande i året?
  • … er dei første i verda som skal utvikle og drifte autonome ferjer?

Vi skal vere best

Petter Meisfjordskar vaks opp på sjøen og har saltvatn i blodet. Faren er maskinist, og jobba delar av si karriere i Fjord1. Når det var sommarferie farta familien på sjøen, og forma Petter sitt karriereval.

– Tidlegare jobba eg på Westcon, på den tida dei hadde ombygging av ferjene til Fjord1. Det ga meg eit godt innblikk i Fjord1 og teknologien ferjene er utstyrt med.

– Sidan november 2023 har eg jobba som teknisk inspektør i driftsavdelinga til Fjord1. Driftsavdelinga er på mange måtar hjartet i Fjord1. Her har eg ansvar for ei definert fartøysportefølje. Eg sørger for at båtane er i god stand, og planlegg framtidige verkstadopphold med service og reperasjon. Ferjene er bygde opp forskjellig, og ein teknisk inspektør kan operere fleire typar ferjer som gass, batteri og autonomi – som vi no er først på.

– Det som er så kjekt er at Fjord1 er ein stor arbeidsplass med folk som har variert bakgrunn. Sidan vi er så forskjellige har vi ulike innfallsvinklar og kan finne gode løysingar saman. Fjord1 har klare mål om å vere best.

Lærling/kadett i Fjord1

Du kan vere trygg på at du får den beste kompetansen og springbrettet for vidare karriereløp i Fjord1. For å lære meir om dette kan du klikke her.

Her skal eg jobbe

Trine Pedersen Espeseth skulle aldri flytte utanfor ring 3, heilt til ho møtte ein mann med skjegg frå Askrova. No bur ho på øya og er innkjøpsrådgjevar i Fjord1.

– Sidan eg flytta til Askrova har eg hatt auga retta mot Fjord1. Dei er ein stor aktør og det verka som ein spennande arbeidsplass. I det eg starta å søke etter jobb, la Fjord1 ut tre ledige stillingar, og eg søkte på alle. Brikkene falt på plass, og eg fekk tilbod om stilling som innkjøpsrådgjevar. No har eg jobba her i eit år.

– Eg har jobba med sal i over 16 år. No sit eg på andre sida av bordet som innkjøpsrådgjevar, så eg snur litt om på metodane. Her legg eg til rette for innkjøp i Fjord1 og leitar etter aktuelle leverandørar på alt frå motordelar og dieselolje til kaffikoppar og sveler. Med så stor variasjon i produkt, lærer eg noko nytt kvar einaste dag.

– Eg har mange kjekke kollegaer som på sin måte bidrar til eit livleg arbeidsmiljø. Vi har eit levande miljø med sosiale aktivitetar som folk kan bli med på. Sidan vi har så stor variasjon i folk og arbeidsoppgåver, er det mykje fagkunnskap og kompetanse som vi kan dele mellom oss. Eg er komen for å bli.

Vil du vere med på laget?

Fjord1 er i stadig utvikling og treng fleire tilsette. Om du vil vere ein del av eit verdsleiiande selskap som driv med innovasjon, sjekk ut alle dei spennande stillingane Fjord1 lyser ut.