Frå hovudtavler til belysningar på bustader – har det spenn i seg hjelper Ferstad Elektro til. Foto: Ferstad Elektro

Veksande elektroaktør

På Evja finn du den familieeigde bedrifta Ferstad Elektro, med Ronny Ferstad i spissen. Nyleg fusjonerte Ferstad Elektro og Vest Elektro IKT, og til saman har det nye selskapet over 80 års erfaring med stor kunnskap innan ulike kompetansefelt. Samanslåinga gjer dei til ein stor elektroaktør i havgapet.

– Dei to selskapa har stort spenn i arbeid og kompetanse. Ferstad Elektro er spissa på industri, næring og oppdrett, medan Vest Elektro har utmerka seg innan bustadblokker og næringsprosjekt. Når vi no slår desse to saman får vi eit stort kompetansefelt, og har blant anna styrka oss på ingeniørarbeid og prosjektering. Dette gjer at vi er meir fleksible og kan ta på oss større prosjekt der vi bygger alt av tavler og styringar sjølve.

Frå store industriprosjekt til private hustandar

Det er ein god variasjon i arbeidet til bedrifta. Dei gjer alt elektroarbeid i private hustandar, som lys, smarthus stikkontakter og varmepumper eller jobbar i industrien, anten det er på fiskeoppdrett, smelteverk eller skip. No er Ferstad i gang med ein stor jobb på Westcon i Florø.

Storkontrakt på Westcon

– Westcon skal bygge ny dokk, og vi leverer elektroenterprise. Det betyr at vi skal levere alt som har støt i seg – frå lys, stikkontakter og hovudtavle, til svakstraumsarbeid som tele, data og brannalarmar. Jobben vår er allereie i gang, og vi skal vere ferdig til årsskiftet 2024/25. Vest Elektro gjorde den same jobben då den første dokka på verftet vart bygd i 1994, så vi har god kunnskap og erfaring med installasjon på tørrdokk.

Elektrifiserer havnæringa

– Vi har jobba mykje med oppdrettsanlegg, og lagar blant anna landstraumløysingar der vi forsyner flåter via sjøkablar som kan vege fleire tonn. Landstraumanlegga forsyner oppdrettsanlegga med rein elektrisitet og fører til store innsparingar i dieselforbruk. Dette bidreg til reduserte utslepp og gir betre arbeidsmiljø for dei som er ute på merdane.

På flyttefot

Selskapet har no base i Ytre Bremanger, Svelgen og Florø. Den store samanslåinga fører til at dei har vekse ut av lokala på Evja, og skal snart flytte inn i nyoppussa lokale i Fjordgata.

– Med så mykje mannskap har vi for liten plass samtidig som vi treng fleire montørar. Dei nye lokala i Fjordgata har eit stort lager- og produksjonsareal, samt at vi kan køyre bilane inn på lageret for å laste opp utstyr til ymse jobbar. Utover dette får vi gode kontorfasilitetar for dei tilsette.