«Stadt Kinn» og «Stadt Florø» ute på oppdrag. Foto: Stadt Sjøtransport.

På oppdrag frå Florø til Afrika

Det har skjedd store endringar her hos Stadt Sjøtransport så langt i 2024, og fleire nyheiter er undervegs, smiler dagleg leiar Martin Olsen fornøgd. – Den største endringa er at vi har eit auka internasjonalt fokus i tillegg til fokus på lokale marknader. Tidlegare har vi stort sett levert tenester til næringslivet på Vestlandet, men no har vi i tillegg landa ei større langtidskontrakt på kysten av Vest-Afrika.

Firmaet som er styrt frå Kolkaia i Florø sentrum har 4 slepebåtar og rundt 35 mann i arbeid, og driv stort sett med hamnebuksering, slepeoppdrag, assistanse og nødtenester. Dei er det einaste lokale slepebåtselskapet i Florø, og har gode lokale kundar frå Sognefjorden i sør til Aukra i nord – og resten av landet ved behov.

Fokus på miljø og forbetringar

Taubåtane våre er drivne av dieselmotorar, men vi har fokus på å spare miljøet gjennom interne retningslinjer og program for å redusere utslepp av CO2 og NOX. Vi ser og på alternative drivstoff, og har bidratt i eit felles prosjekt med Hub for Ocean, der vi undersøkte moglegheitene knytt til hydrogen. Akkurat no jobbar vi med å få på plass eit landstraumanlegg på vår eigen base, slik at båtane kan bruke elektrisk energi ved kai.

Nye oppdrag i Vest-Afrika

Frå januar i år har «T/B Stadt Kinn» med mannskap skifta beite. Den køyrer på fast oppdrag for eit stort oljeselskap i Senegal og Mauritania. For oss er dette veldig spennande, og eit bevis på at vi kan konkurrere i ein større marknad. Det betyr og at vi har ein båt mindre i Florø, og at vi må sende mannskap sørover. Vi har nyleg mista ei kontrakt i Bremanger, så dette er eit godt bevis på at «når ei dør lukkar seg blir ei ny opna», smiler ein optimistisk sjef.

Lokalt forankra

Samtidig som vi løftar blikket mot utlandet så er vi eit lokalt forankra taubåtselskap, og vi har rikeleg med arbeid lokalt, fortel ein fornøgd leiar. Vi er det einaste taubåtselskapet som køyrer på fast kontrakt for Fjord Base. Der hjelper vi større skip med hamnebuksering og fortøying. Vi har månadlege oppdrag med rørbåtar som skal til og frå basen, i tillegg til meir sporadiske jobbar som dukkar opp etter behov.

Fleksible og tilgjengeleg

Oppdrettsnæringa er viktig i Kinn, og vi er ein viktig assistent når til dømes store merdar skal transporterast. Vi er fleksible og tar på oss jobbar med alt frå å assistere skip og oljeplattformer til slep av vindmølledeler og akutte bergingsaksjonar. Båtar og mannskap er utrusta for å hjelpe fartøy i nød, og vi rykker ut på kort varsel. For oss er det eit viktig ansvar å hjelpe til og hindre havari, miljøulykker og andre hendingar.