havmagasinet.no
Eit magasin om næringane i havgapet.
Hans Kristian Dyrli og Gjermund Johannessen har sidan dei starta The Norwegian Ship Design Company i 2019 vakse frå 2 til 25 tilsette.
Det som skil oss frå andre skipsdesignarar er kompetansen vår på energieffektivisering og nullutsleppsløysingar, presiserer Hans Kristian. Vi vil vere med og bringe verda framover, og det klare målet vårt er å vere den føretrekte og leiande innan skipsdesign – med lågast mogleg utslepp. Dessutan har vi fordelen av å vere heilt uavhengige i marknaden, det vil seie at vi ikkje har bindingar til verft, utstyrsleverandør eller andre interesser. Det er ein klar føresetnad for å kunne velje den beste teknologien til ei kvar tid.
Dei fleste av prosjekta våre har eit element av norsk interesse, men vi får stadig fleire førespurnader frå utlandet. For tida er våre design under bygging på ulike verft i Tyrkia, Danmark, Polen, Litauen og Norge. Alle prosjekta følgjer vi tett og vi leverer ein omfattande dokumentasjonspakke til verfta.
Vi har i fleire år samarbeida tett med Torghatten om eit stort signalprosjekt som har fått stor internasjonal merksemd. Norges lengste og tøffaste ferjestrekning frå Bodø til Lofoten (Vestfjordsambandet), skal få to hydrogenferjer i drift der vi har stått for designet. Fartøya har ny teknologi i ein skala verda ikkje har sett før, og er no under bygging på Myklebust Verft.
Vi er med på å skape noko heilt nytt, som vil gje ringverknader for framtidig skipsdesign, både for ferjer og lasteskip innan «short sea» segmentet. Hydrogendrift kan opplevast som eit stort sprang, men frå vår side er det heilt klart at all ny teknologi og nye «drivstoff» ikkje skal kompromisse på verken sikkerheit, funksjon eller effektivitet.
Skipsdesign til nybygg er primæraktiviteten i selskapet, men dei arbeidar også mykje med ombyggingar og oppgraderingar av fartøy. Her er det også ofte fokus på å redusere energiforbruk og CO2-utslepp, gjennom optimalisering, effektivisering og andre fornyingstiltak.
Eit godt døme på dette er fabrikktrålaren frå Argentina – «Centurion del Atlantico» – som vart ombygd hos Westcon Florø i 2023–2024. Vi i Norwegian Ship Design har jobba med prosjektet heilt sidan 2021. Etter ein konkurranse blei vi valt som design–og engineeringspartnar. Fabrikktrålaren vart bygd i 1986 i Japan, og mykje av gamalt teikningsgrunnlag var på japansk. Det er utfordrande når ein mellom anna skal installere ny hybrid drivline med ny hovudmotor, akselgenerator, batteripakke, nytt trålutstyr og nytt fabrikkanlegg.
Det innovative og framoverlente designselskapet i Førde har ambisjonar om vidare utvikling. – Vi er eit kontor med dyktige skipskonstruktørar, frå tidleg i 20–åra til opp i 70–åra. Vi opplever stor interesse for våre design og konseptløysingar, og har plass til fleire, avsluttar dei to gründerane.