havmagasinet.no
Eit magasin om næringane i havgapet.
Det nye godsskipet ”Norbjørn” skal frakte varer frå Tromsø til Svalbard for Posten Bring – utan utslepp. Illustrasjon: Multi Maritime
Multi Maritime har fått oppdraget med å designe det nye godsskipet «Norbjørn». Rederiet Norbjørn er oppdragsgjevar og skipet skal frakte varer frå Tromsø til Svalbard for Posten Bring. Ruta er ei livsnerve til Svalbard–samfunnet. – Vi har jobba med Norbjørn–prosjektet sidan 2020. Det er eit ganske spesielt prosjekt, for godsskipet skal gå på eit heilt nytt drivstoff, fortel Morten.
Godsskipet skal ha ein forbrenningsmotor som kan gå på både ammoniakk og diesel som drivstoff. I motsetning til tradisjonelt drivstoff vil forbrenning av ammoniakk ikkje gi utslepp av CO2. Både Enova og NOx–fondet er inne med støtte frå verkemiddelapparatet, og prosjektet har fått over 168,5 millionar kroner. Enova ser for seg at fartøyet vil redusere Norge sitt klimautslepp med 1700 tonn CO2 i året. Dei reknar med at fartøyet skal vere i drift 1. eller 2. kvartal 2028, og blir eit av dei første godsskipa som går på ammoniakk.
Norbjørn-prosjektet er nybrotsarbeid. Klasseselskapet DNV syt for at fartøy er i tråd med reglar og krav frå styresmaktene. I dag er det ikkje etablert regelverk for skip som skal bruke ammoniakk som drivstoff, så no jobbar dei med ei risikoanalyse i samarbeid med DNV. Parallelt arbeider Norbjørn med å hente inn prisar frå verft i Europa.
– No siktar vi oss inn på å ha ferdig risikoanalysen og velje eit verft for bygging i løpet av hausten. Når dette er klart vil arbeidsmengda vår auke og fleire tilsette blir med å designe, seier han.
Nybrotsarbeid er ikkje nytt for Multi Maritime. Dei var tidleg ute med design og utforming av LNG-drivne ferjer og elektrifisering av ferjer. Eit av prosjekta er design av dei fem passasjerferjene som trafikkerer mellom Rådhusbryggene i Oslo og øyane i Oslofjorden. – Vi syns dei kjekkaste prosjekta er dei som har noko nytt i seg, og det er kanskje derfor vi er så langt framme i den grøne skoen, fortel Morten.
– Vi har fleire spennande prosjekt på gang, både nasjonalt og internasjonalt. Det kan vi ikkje fortelje noko om enno, men det vil komme fleire nyheiter, smiler den daglege leiaren.