Industridata server små og store kundar innan mange ulike næringar. F.v. Knut Morten Ullaland, Jørn Ove Klungreset, Thomas Lund og Eivind Gulestøl.

Komplett dataløysing til deg

Industridata har sidan 1996 sørga for trygg og enkel IT-drift for bedrifter. Anten du treng nettverk, servarar, skyløysing, kameraovervaking eller møteromsløysingar har Industridata det du treng. Portefølja er brei med små og store kundar innan mange ulike næringar.

Virus i vinden

Med aukande digitalisering er datatryggleik viktig for bedriftene. Virus og andre farar truar stadig, og kan få store økonomiske konsekvensar dersom ein blir råka.

– Virus kan stogge all drift i ei bedrift på ubestemt tid. Menneskelege feil er hovudårsaka til dei fleste dataangrep. Med opplæring lærer dei tilsette å kjenne att og unngå farar. Likevel ser vi at det er nødvendig med ekstra beskyttelse og vi har derfor sikkerheitsløysingar som berre tillèt bruk av godkjente program. Sikkerheitsløysinga overvåkar maskinvaren kontinuerlig slik at ein kan avdekke og blokkere unormal aktivitetet hos brukarar, maskiner og prosessar.

Løftar opplevinga

– Vi har tatt eit stort steg for å tilby ein enda betre oppleving med lanseringa av ein ny kundeportal. Den gir kundane ei samla statusoversikt over alt IT-relatert, slik at dei kan vere trygge på at alt fungerer optimalt til ei kvar tid. Vi forstår viktigheita av å gjere denne prosessen så enkel og tilgjengeleg som mogleg. Portalen er brukarvennleg og gjev tilgang til all nødvendig informasjon på ein stad. Slik kan bedrifter få innsikt i unormale aktivitetar eller potensielle truslar.

Har bedrifta di backup på alle type data?

– Vi tilbyr ei heilskapeleg løysing for sikkerheitskopiering av både fysiske og virtuelle tenarar, arbeidsstasjonar og Microsoft 365 e-post, OneDrive, Teams og SharePointdata.

Vi er eit tastetrykk unna

– Med lokale i Evjegata er vi tett på kundane i Florø. Vårt fokus er å tilby god kvalitet og service, og våre tilsette har brei erfaring innan ulike bransjar. Kontakt oss gjerne så vi kan diskutere akkurat dine behov og finne løysingar som passar for deg.